Viser innlegg med etiketten Lavkarbo. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lavkarbo. Vis alle innlegg

onsdag 4. desember 2013

Lavkarbobrød

Dette brødet blir forskjellig kvar gong eg lagar det.
Tar det eg har i skapet av "mjøl" 
og varierer blandingsforholdet. 
I dag blanda eg mandelmjøl og sesammjøl, 
og det vart veldig godt!
Grunnoppskrifta er slik;

12 egg
2,5 dl "mjøl" (mandelmjøl/kokosmjøl/sesammjøl)
50 gram smelta kokosolje (meierismør kan brukast òg)
En halv boks (1 dl) kokosfløyte (Go Tan eller Santa Maria)
3 ss fiberhusk 
1 ss bakepulver
litt salt 

Visp egga godt.
Smelt kokosoljen, kjøl den ned litt, og ha den i egga.
Ha i en boks med kokosfløyte og pisk vidare. 
Bland det tørre og ha det i eggeblandinga. Rør godt. 

Ha røra i ei lita brødform (eg brukar ei som er 25 cm/1,3 liter).
Sett ovnen på 175 grader. 
La brødet stå 15 minutt og svelle. 
Steik brødet i 45-50 minutt til det er gyllent. 

Enjoy 

tirsdag 3. desember 2013

Adventskos ♥ Bounty

Bounty-hjerter a la Fotballfrue
Nydelige på smak og enkle å få til. 
Og så er dei ikkje så aller verst innholdsmessig heller. ;)

søndag 1. desember 2013

Kylling i peanøttsaus

En skikkelig deilig lørdagsmiddag, 
men den kan fint etast søndag òg altså. ;)

Oppskrifta fann vi hos fine 56kilo.se 
og den er så god at den blir laga nesten kvar veke! NAM :)

lørdag 23. november 2013

Moussaka

Fredag er fortsatt favorittkvelden, 
sjølv om alle dagar føles like i permisjonsverden. 
God mat og gullrekka på skjermen slår ikkje feil. 


I går eksperimenterte vi litt igjen og laga moussaka etter denne oppskrifta. Digg digg digg. :)

lørdag 16. november 2013

Snickerskladdkaka

Her på vestlandet ular stormen rundt hushjørna og det er best å holde seg inne i varmen. Litt sjokoladekake og en kaffikopp foran peisen kanskje? :)


Vi er i skrivande stund på veg til nabobygda og må køyre lang omveg pga steinras og stengte vegar. Vi skal nemlig på konsert med Kringkastingsorkesteret, Eva & The Heartmaker, Tone Damli ++ i ettermiddag. Forhåpentligvis høstens musikalske høgdepunkt. :)

Hadde det ikkje vore for konserten ville vi nok holdt oss heime i stormen vi òg. :) Josefine skal vere hos farmor - uten mamma & pappa for første gang - vi kryssar fingrane for at det går fint. Verst for mamma'n trur eg...men to timar bør gå bra. ;) God helg til deg ❤️

torsdag 14. november 2013

Middagstips: Chili con carne

I periodar synes eg det er vanskelig å finne inspirasjon til middagslaging. Eg trur det er fleire av oss der ute, så her kjem derfor torsdagens middagstips til deg. 

 
I går prøvde vi oss på ei ny oppskrift på nydelig Chili con carne. :) Den blir garantert laga igjen, nam!

onsdag 13. november 2013

Novembermorgen

I går kveld hadde vi besøk av to fine frøkener og serverte haugevis av vafler (Cecilie sine gode rømmevafler) med "ny"rørt jordbærsyltetøy, seterrømme og en varm kopp te.



Det nest beste er vaffelrestane som vart igjen. ;) Deilig med litt dessert til frokostkaffien i dag, mens lille J tar dagens første dupp. Tente lys og fyr i peisen er heilt på sin plass en våt og kald novembermorgen.  I dag er planen babykino og "Jul i Flåklypa". Kanskje julestemninga kjem snikande? :)

tirsdag 12. november 2013

Hei igjen!

Det er over et år sidan blogglysta var der sist, og sidan det har det skjedd mykje.. :)

I sommar flytta vi heim til fjord og fjell for å komme nærmare familie og venner, før lille Josefine kom til verden en varm dag i slutten av juli. Den vesle jenta vår er no snart fire månader og vi nyter kvar dag med den lille solstrålen. :)

Ute derimot - der er det ikkje mykje sol for tida. I dag ligg tåka ned i dei snødekte fjella og regnet høljar. På slike dagar passar det godt med ei varmande suppe. Vi har miksa og triksa litt med denne oppskrifta og tilpassa den til den ammande mammaen som er litt forsiktig med enkelte grønnsaker og melkeprodukt. ;) Denne gongen vart det suppe uten sukker og løk, og så bytta vi ut fløyte mot kokosfløyte (og vips vart den paleovennlig òg). Nyt!


lørdag 25. august 2012

Lavkarbo brownies

Er det lørdag, så er det lørdag. 
Og då er det lov å kose seg litt ekstra. 
Med denne browniesen kan du i tillegg ha god samvittighet etterpå.
Eg har tatt utgangspunkt i Lena si oppskrift
men har endra litt etter smak og behag.

3 plater sukkerfri sjokolade 
(eg brukte to mørke og éi lys)
250 gram romtemperert smør 
50 gram Sukrin 
4 ss kakaopulver (gjerne rå) 
4 ss lyst mandelmjøl 
2 ts bakepulver 
5 egg


Ha to plater sjokolade i en bolle og ha dei i mikroen nokre sekund 
til dei blir mjuke og nesten smeltar.

Ha smør i en annen bolle og hell sjokoladen over. 
Ha over sukrin, kakaopulver og mandelmel. 
Miks det sammen med håndmikser e.l. 
Ha deretter i bakepulver og egga før du mikser litt til. 
Hakk den lyse sjokoladeplata i bitar og rør det inn. 
Neste gong skal eg hive oppi litt nøtter òg. ;) 

Dekk ei form (enten rund kakeform eller ei anna ildfast form) med bakepapir. 
Hell røra i forma og sett kaka i ovnen i 200 grader. 
Steik i 20-25 minutt eller lenger om du vil ha den heilt gjennomsteikt.
 Eg synes den er best når den er litt blaut inni. ;)

Ha en finfin lørdagskveld 

torsdag 23. august 2012

Kaffifavoritt


Ha eit par spiseskeier kokosmelk i en kopp. 
Hell over nytrukken kaffi og søtning etter eige ønske, 
vi brukar som regel flytande Stevia
med smakane Vanilla Creme eller English Toffee. 
Bruk deretter en liten melkeskummer (den til 8 kr på Ikea fungerer fint) 
for å få deilig skum på toppen.

lørdag 11. august 2012

Tacoform


500 gram kjøttdeig
10 cm purre
1 stor løk 
1 paprika 
1 boks hakka tomatar
2 stk kvitløksfedd 
1 boks Créme Fraiche
200 gram Philadelphiaost
Riven ost

♥ Brun kjøttdeig og ha i løk, purre, kvitløk, paprika, 
tacokrydder og hakka tomatar. La det surre nokre minutt. 
♥ Rør sammen Créme Fraiche og Philadelphiaost 
og ha den i ei ildfast form. 
♥ Hell kjøttdeigrøra over osteblandinga og strø over riven ost.
♥ Gratinerast i ovnen på 200 grader 
i 15-20 minutt til osten er gyllen.  

Serverast med guacamole og en god salat. 

onsdag 1. august 2012

Verdens beste lavkarbo ostekake

Dette er lavkarboversjonen av verdens beste ostekake. 
Kan nesten ikkje kjenne forskjell fra originalen. ;)

Ostekaka består av tre lag. 
Nøtte- og mandelbunn, ostekrem og gelélokk på toppen. 

Nøtte-og mandelbunn
150 gram cashewnøtter og 150 gram mandler finhakkast. 
Bland i 100 gram smelta meierismør og ha det i rund kakeform. 
Steik på 200 grader til bunnen er gyllen.


Ostekrem
Bland ut 5 plater gelatin i 2 dl kokande vatn.
 Ha i 0,5 dl Fun Light og avkjøl blandinga. 
(eg har her brukt Fun Light Jordbær og Rabarbra - nydelig 

Pisk 1 pk kremfløte og 80 gram sukrinmelis til krem i en anna bolle 
og ha i en boks Seterrømme og 200 gram Philadelphiaost. 
Ha den kalde saftblandinga i ostekremen og bland godt. 
Hell kremen over den avkjølte nøttebunnen og sett i kjøleskap. 
La dette stå kaldt i 3-4 timer (helst over natta) til kremen er stivna.

Gelelokk
Lag gelé av 1,5 dl Fun Light og 3,5 dl vatn og 5 plater gelatin. 
(Eventuelt kan du kjøpe Eldorado sin sukkerfrie bringebærgele 
og lag den etter anvisningen på pakningen, men halver mengda vatn.) 
La geleblandinga bli kald, 
men hell den over ostekremen før den stivnar. 
La kaka stå kaldt eit par timar til geleen er stivna.

Nyyyyyt! 

tirsdag 31. juli 2012

Kylling med fargerik salat

Enkel og nydelig tirsdagsmiddag. 
Grilla kylling med salat av kinakål, avocado, gul paprika,
 cherrytomater, agurk, sukkererter, cashewnøtter og galiamelon. 


Las hos Lena Beatrice at Galiamelonen inneheld lite karbohydrat, 
så då måtte vi prøve den i salaten i dag. Sommerlig og godt. :) 

mandag 30. juli 2012

Mandelbrød

Dette er det beste lavkarbobrødet eg har laga per dags dato.
SUPERenkelt å lage - og så passar det til alt. 
Bruk det som focaccia, i toastjernet, til reker eller i nistepakken.

Alt du treng er;

6 egg
3 ss kremfløte
10 ss mandelmjøl (lyst eller mørkt)
2 ts bakepulver
2 ts JBKM
150 g riven ost
litt salt

Bland sammen og ha røra utover ei bakepapirkledd steikeplate.
Ha gjerne over valgfritt krydder, havsalt,
olivenolje, soltørka tomat, fetaost eller rosmarin etc.

Steikast i 15-20 minutt på 200 grader. 
Del opp i passande bitar og hiv det gjerne i frysen,
om du klarar å la vere å ete opp alt med ein gong. :) 


søndag 29. juli 2012

Sommerfrokost

Her har eg tina frosne bringebær i mikroen og
 blanda i Tyrkisk Yoghurt og litt Sukrin. 
På toppen hadde eg over litt Hasselnøttolje, 
friske blåbær (får aldri nok!) og walnøtter. 
Kjapp, sunn og veldig god søndagsfrokost. 


mandag 9. januar 2012

Limekylling


Kyllingfilet 
Creme Fraiche
Fløyte
Buljongterning
Lime 
Krydder

Salat eller grønnsaker som tilbehør.
Nydelig  

Inspirasjon fann vi hos Charlotte :) 

lørdag 19. november 2011

Lavkarborull med godt fyll

Her kjem eit tips til kveldskos eller lunsjmat. 
Like god kald som varm. 

Oppskrifta har vi funne hos Linn :)


Botn

3 egg
120 g kremost
4 toppa ss Soyamjøl
3 ss Sesamfrø
1 ss Fiberhusk
4 ss Mandelmjøl 

Fyll

1 purre
150 g skinke
Krydder 
Ost til topping
(desse kan lagast med ønska fyll, ny-de-lig med pizzafyll )


 Bland egg og kremost, og tilsett det tørre. 
♥ Smør røra utover ei bakepapirdekt steikeplate. 
Steikast i ovnen på 200 grader i 15 minutt.

♥ Ha over purre, skinke og ost 
og ha fyllet utover den ferdigsteikte bunnen. 
Sett dette tilbake i ovnen i 4 minutt til osten er smelta. 

Rull bunnen som ei rullekake og la rullen ligge med skøyten ned.
♥ Sett det inn igjen i ovnen og la det steike i 7 minutt. 

Influensaen har herja i kroppen dei siste dagane
 så her i stova står sjølvpleie på planen. 
I kveld blir det sofakos med Lasagne på menyen
og Hodejegerne på skjermen.

God helg til alle! :)

mandag 7. november 2011

Gode lavkarborundstykker!

Her har det gått i ett dei siste vekene, 
vi har jobba mykje og vore ute og farta.
Men no er vi tilbake i Stavanger by, 
og det betyr matlaging og blogging igjen. :) 

Her kjem ei oppskrift på gode rundstykker,
originaloppskrifta har eg funne hos Charlotte
Rundstykka blir ulike kvar gong eg lagar dei,
alt etter kva vi har i skuffer og skap.


Du treng  

4 egg
1/2 boks Creme Fraiche Original
2 ss Kokosolje
30 g Fiberhusk
30 g Fibrex 
50 g Malte mandlar
30 g Solsikkekjerner
2 ts Bakepulver
1,5 ts Salt


♥ Bland alt det våte (egg, Creme Fraiche og olje)
♥  Ha i det tørre, og rør godt.  
♥ Sett ovnen på 175 grader 
♥ La røra stå og godgjere seg i 10-15 minutt
♥  Form bollar med hendene (ha gjerne litt vatn på hendene om det blir klissete:) 
♥ Legg dei på bakepapirkledd steikeplate  
♥ Steikast midt i ovnen i 25-30 minutt

søndag 23. oktober 2011

Gode lavkarbomuffins

Søndagen har Henriette tilbrakt på Kremmerhuset her i byen, 
der ho har kosa seg ilag med tre andre fine Kremmerjenter 
og kome godt i gong med årets julebutikk. Det blir så fiiiiint!  

Masse nydelige advents- og julevarer er på veg inn i butikkane, 
så har du eit Kremmerhus i nærleiken må du stikke innom og sjå! ;) 


Var tidlig oppe i dag, til tross for at det er søndag,
 og laga nydelige (om eg får lov å seie det sjølv) muffins for å ha med til jentene. 

 
Inspirert av ei oppskrift 

70 g Meierismør
80 g Sukrin
4 Egg
100 g Kokosmjøl 
1 pose Eldorado Sukkerfri Vaniljesauspulver
1 ts bakepulver
1,5 dl Kremfløyte / Soyafløyte

Ønska smakstilsetning;
eple, kanel og sukrin, sjokolade, bær etc..

 Rør Sukrin og Meierismør til fin masse
♥ Tilsett vaniljesauspulver, egg, og ha i resten av det tørre
♥ Ha i fløyte til slutt 

♥ Ha røra i muffinsformer og ønska smakstilsetning.
Vi strødde over eplebitar som er rulla i kanel og sukrin, 
og hadde litt sukkerfri sjokolade i nokre av muffinsane :)

♥ Steikast  i 15-20 minutt på 175 grader. 
Nyt!

Bremykt på frammarsj

Lavkarbo er i vinden om dagen, og det virkar som at fleire og fleire hiv seg på bølga! Bra for helsa - bra for Fjordland!

Bildet under er knipsa på OBS i Stavanger, og har hengt der i 2 veker...


Men så lenge Tine klara å produsere nok Ekte Meierismør,
er det foreløpig ingen krise... :)