Her kjem eit tips til kveldskos eller lunsjmat.
Like god kald som varm.
Oppskrifta har vi funne hos Linn :)
Botn
3 egg
120 g kremost
4 toppa ss Soyamjøl
3 ss Sesamfrø
1 ss Fiberhusk
4 ss Mandelmjøl
Fyll
1 purre
150 g skinke
Krydder
Ost til topping
(desse kan lagast med ønska fyll, ny-de-lig med pizzafyll ♥)
♥ Bland egg og kremost, og tilsett det tørre.
♥ Smør røra utover ei bakepapirdekt steikeplate.
♥ Steikast i ovnen på 200 grader i 15 minutt.
♥ Ha over purre, skinke og ost
og ha fyllet utover den ferdigsteikte bunnen.
♥ Sett dette tilbake i ovnen i 4 minutt til osten er smelta.
♥ Rull bunnen som ei rullekake og la rullen ligge med skøyten ned.
♥ Sett det inn igjen i ovnen og la det steike i 7 minutt.
Influensaen har herja i kroppen dei siste dagane
så her i stova står sjølvpleie på planen.
I kveld blir det sofakos med Lasagne på menyen
og Hodejegerne på skjermen.
God helg til alle! :)
JUM! så deilig!! :D
SvarSlettJaa! Veldig godt :D
SvarSlett