Viser innlegg med etiketten Trening. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Trening. Vis alle innlegg

søndag 22. april 2012

Paleodag 7: Søndagsfrokost

Søndag er ein finfin dag som gjerne kunne vart dobbelt så lenge. :) 

Det er herlig å sove lenge når ein vanligvis er oppe halv sju. 
Nyte ein god søndagsfrokost ilag, som i dag bestod av 
steikt avocado (prøv det!), egg og spekeskinke.
Deretter vart det ei tung men god styrketrening med kjæresten på Elixia.
Ann Kristin sin nydelige Paleo Smoothie vart dagens lunsj. 
Den er min nye Paleo-favoritt. ;)  

No er det kaffi i sofakroken mens regnet slår mot ruta. 
Kjæresten står på kjøkkenet og fiksar dagens middag 
(er det ikkje slik det skal være?? ;) ).
Søndagsmiddagen blir ovnssteikte svinekotelettar 
på ei seng av løk, paprika, eple og blomkål.

Ha en fortsatt fin søndag! :)

søndag 15. april 2012

Dagen før dagen

I kveld har eg vore flink jente og gått en lang tur 
i deilig kveldssol med fin musikk på øyrene.


No kosa eg meg med mangote i den søte koppen
 eg fikk fra ei god venninne til bursdagen, 
med ein liten bit heimelaga Snickerssjokolade 
som nyyyytast til det fulle. 


Dette blir siste utskeiing på lenge, 
for i morgon går vi i gang med 
Bli Sunn-si utfordring; Paleo Challenge

Vi skal begge springe Holmenkollstafetten 12. mai 
og fram til det skal leve etter Paleoprinsippet. 
Startskuddet går i morgon 
og vi har 26 dagar framfor oss med sjølvdisiplin.

Wish us luck! ;)

tirsdag 6. september 2011

Lavkarbo og trening


Det er mange meiningar om trening i forbindelse med eit kosthald med lite karbohydratar. Enkelte meinar at ein ikkje kan prestere godt utan karbohydratar, medan andre meinar dette er feil. Eg er av den oppfatning av at dette er feil, og vil no kome med eigne erfaringar.

Tidlegare, når det gjaldt utholdenhetstrening, har eg slete med melkesyre og tunge bein, men etter eg la om til eit lavkarbokosthald er melkesyra borte. Ganske nice! Når det gjeld utholdenheten er den merkbart betre enn før, sjølv om eg ikkje trenar meir kondisjon no enn det eg gjorde tidlegare.

Eg har ein følelse av at det kan ta litt tid før kroppen blir "varm" og fettforbrenninga kjem skikkelig i gang når eg tar meg ein joggetur eller ei intervalløkt, men når den først gjere det føles det veldig bra ut!


Andre myter ein høyrer er "Du får ikkje effekt av styrketrening utan inntak av karbohydratar". Dette meiner eg òg er feil.
Tidlegare, då eg åt mykje karbohydratar, vil eg beskrive styrkeøktene mine som til tider svært ustabile. Energien var ofte fraværande, og evna til å prestere jevnt i drøye 1t - 1 1/2t var ikkje-eksisterande. No derimot er dette ingen problem! No føler eg at eg har energi gjennom heile styrkeøkta, og eg er veldig fornøgd med progresjonen. Heilt utan karbohydratar. Men med meir protein og feitt.

Har du nokre erfaringar eller tips du vil dele når det gjeld trening og lavkarbo?