Viser innlegg med etiketten brød. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten brød. Vis alle innlegg

lørdag 11. januar 2014

Halvgrovt lavkarbobrød

Eksperimenterer stadig med brødoppskrifter
for å finne det perfekte brød. 
Dette trur eg er det næraste eg har vore - så langt. 

Oppskrifta under er til eit lite brød
 (22 cm/1,3 liter brødform)


Du treng..

50 gram smelta kokosolje/meierismør (gjerne begge deler)
9 egg 

1 dl mandelmjøl (ikkje fettredusert!)
1 dl sesammjøl
0,5 dl kokosmjøl 
2 ss fiberhusk
1 ss bakepulver
litt salt

100 gram valnøtter
0,5 dl linfrø
0,5 dl solsikkekjerner
(blautlegg nøtter og frø/kjerner over natta for å fjerne fytinsyre. Kvifor? Les her.

Slik gjer du..

Visp egga godt og ha i smelta (men avkjølt)
olje/smør før du vispar vidare. 
Bland alt det tørre og visp det godt inn. 

Hell av vatnet og knus nøtte-frø-kjerneblandinga
 med stavmikser/kjøkkenmaskin og bland det inn. 

Ha røra i ei brødform og la det svelle i 15 minutt.
Steikast i 50-60 minutt på 175 grader, 
til brødet er gyllent. 

onsdag 4. desember 2013

Lavkarbobrød

Dette brødet blir forskjellig kvar gong eg lagar det.
Tar det eg har i skapet av "mjøl" 
og varierer blandingsforholdet. 
I dag blanda eg mandelmjøl og sesammjøl, 
og det vart veldig godt!
Grunnoppskrifta er slik;

12 egg
2,5 dl "mjøl" (mandelmjøl/kokosmjøl/sesammjøl)
50 gram smelta kokosolje (meierismør kan brukast òg)
En halv boks (1 dl) kokosfløyte (Go Tan eller Santa Maria)
3 ss fiberhusk 
1 ss bakepulver
litt salt 

Visp egga godt.
Smelt kokosoljen, kjøl den ned litt, og ha den i egga.
Ha i en boks med kokosfløyte og pisk vidare. 
Bland det tørre og ha det i eggeblandinga. Rør godt. 

Ha røra i ei lita brødform (eg brukar ei som er 25 cm/1,3 liter).
Sett ovnen på 175 grader. 
La brødet stå 15 minutt og svelle. 
Steik brødet i 45-50 minutt til det er gyllent. 

Enjoy