søndag 23. oktober 2011

Gode lavkarbomuffins

Søndagen har Henriette tilbrakt på Kremmerhuset her i byen, 
der ho har kosa seg ilag med tre andre fine Kremmerjenter 
og kome godt i gong med årets julebutikk. Det blir så fiiiiint!  

Masse nydelige advents- og julevarer er på veg inn i butikkane, 
så har du eit Kremmerhus i nærleiken må du stikke innom og sjå! ;) 


Var tidlig oppe i dag, til tross for at det er søndag,
 og laga nydelige (om eg får lov å seie det sjølv) muffins for å ha med til jentene. 

 
Inspirert av ei oppskrift 

70 g Meierismør
80 g Sukrin
4 Egg
100 g Kokosmjøl 
1 pose Eldorado Sukkerfri Vaniljesauspulver
1 ts bakepulver
1,5 dl Kremfløyte / Soyafløyte

Ønska smakstilsetning;
eple, kanel og sukrin, sjokolade, bær etc..

 Rør Sukrin og Meierismør til fin masse
♥ Tilsett vaniljesauspulver, egg, og ha i resten av det tørre
♥ Ha i fløyte til slutt 

♥ Ha røra i muffinsformer og ønska smakstilsetning.
Vi strødde over eplebitar som er rulla i kanel og sukrin, 
og hadde litt sukkerfri sjokolade i nokre av muffinsane :)

♥ Steikast  i 15-20 minutt på 175 grader. 
Nyt!

7 kommentarer:

  1. Ååååh! Så gode dei ser ut! Eg hadde tenkt å lage desse, men fann ikkje vaniljesauspulver noken plass - utenom slik vanleg frå freia fullt av sukker. Kan eg erstatte det med noko?
    Eg har så lyst på Kremmerhuset! Dei har alltid den beste julepynten. Gler meg allereide til å finne fram mine fine julestjerner i glass som eg kjøpte der for ca 2 år sia.

    SvarSlett
  2. Disse MÅ prøves ja! Tror jeg har samme smak som deg, for ALT jeg ser her inne frister jo. nom nom nom. :D

    SvarSlett
  3. Britt: Sjå på Kiwi, dei har iallefall her i byen :) Ellers får eg sende ei ladning oppover ;) Veit ikkje heilt ka det kan erstattast med, kanskje vaniljepulver/vaniljestang og litt ekstra søtning? :)

    Marlene: Så kjekt å høyre! ;) Og takk i lige måde ;)

    SvarSlett
  4. Har sjekka Kiwi, men visst du har kjøpt det på Kiwi så kan dei sikkert ta det inn her og. Skal iallefall spørre :D

    SvarSlett
  5. SV:
    Det skjønner jeg.
    En bolle av og til må jeg ha :)
    Men muffinsene dine så også veldig gode ut da ;)

    SvarSlett
  6. sv: Tusen takk for tips :) Da skal det sjekkes ut. Så gode muffinsene så ut, forresten. Flink du er med matlaging oh baking :)

    SvarSlett
  7. Hei Henriette. Har først no skjønt at denne bloggen er din, og den er no lagt til på bloggen min:) Går ikkje alltid så fort i svingane her.. hehe;) Muffinsane såg fristande ut, må vurdere dei til neste helg, synd at denne helga er over.. Ønske deg ei fin uke:)

    SvarSlett