tirsdag 27. september 2011

Mandelkjeks

Etter ei nydelig langhelg i fagre Nordfjord, 
og ein koselig svipptur innom Ålebyen,
er vi tilbake til kvardagen her i Stavanger. 

Vi har laga mykje god lavkarbomat i helga, 
men uten pc og kamera blir blogging litt vanskeligare. ;)
Men før helga laga vi nokre gode Mandelkjeks som vi virkelig anbefalar, 
og oppskrifta fann vi på den inspirerande bloggen til Linn. :)


Du treng 

2 dl Mandlar
1 dl Sesamfrø
2 Eggekviter
1/2 ts Salt
1 ts Sukrin
2 ts Fiberhusk

Mal mandlane og bland saman alle ingrediensane. 
Lag små bollar, trykk dei flate på bakepapir og strø havsalt over. 
Steikast på 180 grader i 20 minutt. 

Supergode med ost! 
Trur det må bli ost, kjeks og vinkveld snart gitt ;) 
Ha en fin tirsdagskveld 

5 kommentarer:

  1. Denne må nok prøves. Takk for tips. ;)

    SvarSlett
  2. Berre hyggelig :) Cred må gå til Linn da ;)

    SvarSlett
  3. Namm, desse må eg prøve i dag :)

    SvarSlett
  4. Ja gjer det, Britt :) Du vil ikkje angre ;)

    SvarSlett
  5. Fristande!

    SV: Veit du, fiberhusk vart innkjøpt igår, sammen med jbkm;) I tillegg surfa eg med fram til Now Foods sin sukrin rett før eg las kommentaren din, så den ligg klar til sending hos iherb;) Sortimentet i kjøkkenskapa begynne å sjå bedre ut, og eg gler meg til å prøve ut forskjellige oppskrifter.

    SvarSlett