tirsdag 6. september 2011

Lavkarbo og trening


Det er mange meiningar om trening i forbindelse med eit kosthald med lite karbohydratar. Enkelte meinar at ein ikkje kan prestere godt utan karbohydratar, medan andre meinar dette er feil. Eg er av den oppfatning av at dette er feil, og vil no kome med eigne erfaringar.

Tidlegare, når det gjaldt utholdenhetstrening, har eg slete med melkesyre og tunge bein, men etter eg la om til eit lavkarbokosthald er melkesyra borte. Ganske nice! Når det gjeld utholdenheten er den merkbart betre enn før, sjølv om eg ikkje trenar meir kondisjon no enn det eg gjorde tidlegare.

Eg har ein følelse av at det kan ta litt tid før kroppen blir "varm" og fettforbrenninga kjem skikkelig i gang når eg tar meg ein joggetur eller ei intervalløkt, men når den først gjere det føles det veldig bra ut!


Andre myter ein høyrer er "Du får ikkje effekt av styrketrening utan inntak av karbohydratar". Dette meiner eg òg er feil.
Tidlegare, då eg åt mykje karbohydratar, vil eg beskrive styrkeøktene mine som til tider svært ustabile. Energien var ofte fraværande, og evna til å prestere jevnt i drøye 1t - 1 1/2t var ikkje-eksisterande. No derimot er dette ingen problem! No føler eg at eg har energi gjennom heile styrkeøkta, og eg er veldig fornøgd med progresjonen. Heilt utan karbohydratar. Men med meir protein og feitt.

Har du nokre erfaringar eller tips du vil dele når det gjeld trening og lavkarbo?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar