onsdag 11. desember 2013

Den Flade Maves Grød

Om grauten gir flat mage kan vel diskuterast, 
men den er blitt en favoritt til frokost (og lunsj, og kvelds..). 
Prøvar å begrense oss til ein gong om dagen. ;)
Den er ikkje lavkarbo, men den er snill mot blodsukkeret 
og stappfull av næring som gjer godt for kroppen. 
Det synes eg er viktigare enn antall karbohydratar.

Oppskrifta kan du finne hos sprudlande sunne Linn. :)
Eg likar min best med meierismør, litt sukrin, 
kardemomme, kanel (ceylon) og vaniljepulver. 
mmmMmm! Gler meg allerede til neste porsjon. ;)

onsdag 4. desember 2013

Lavkarbobrød

Dette brødet blir forskjellig kvar gong eg lagar det.
Tar det eg har i skapet av "mjøl" 
og varierer blandingsforholdet. 
I dag blanda eg mandelmjøl og sesammjøl, 
og det vart veldig godt!
Grunnoppskrifta er slik;

12 egg
2,5 dl "mjøl" (mandelmjøl/kokosmjøl/sesammjøl)
50 gram smelta kokosolje (meierismør kan brukast òg)
En halv boks (1 dl) kokosfløyte (Go Tan eller Santa Maria)
3 ss fiberhusk 
1 ss bakepulver
litt salt 

Visp egga godt.
Smelt kokosoljen, kjøl den ned litt, og ha den i egga.
Ha i en boks med kokosfløyte og pisk vidare. 
Bland det tørre og ha det i eggeblandinga. Rør godt. 

Ha røra i ei lita brødform (eg brukar ei som er 25 cm/1,3 liter).
Sett ovnen på 175 grader. 
La brødet stå 15 minutt og svelle. 
Steik brødet i 45-50 minutt til det er gyllent. 

Enjoy 

tirsdag 3. desember 2013

Adventskos ♥ Bounty

Bounty-hjerter a la Fotballfrue
Nydelige på smak og enkle å få til. 
Og så er dei ikkje så aller verst innholdsmessig heller. ;)

søndag 1. desember 2013

Kylling i peanøttsaus

En skikkelig deilig lørdagsmiddag, 
men den kan fint etast søndag òg altså. ;)

Oppskrifta fann vi hos fine 56kilo.se 
og den er så god at den blir laga nesten kvar veke! NAM :)

tirsdag 26. november 2013

En god hjelper i hus

Deilig å endelig ha denne lille fine hjelperen godt plassert på kjøkkenbenken. Blir veldig fint å sleppe å bruke handmikseren til årets julebakst. Litt redd for at det blir baka meir enn mannen vil tillate framover.. ;)

Til helga er det vel lov å begynne litt forsiktig? :)

Tar gjerne i mot tips til oppskrifter på vellykka
glutenfri, sukkerfri og karbohydratredusert julebakst!

lørdag 23. november 2013

Moussaka

Fredag er fortsatt favorittkvelden, 
sjølv om alle dagar føles like i permisjonsverden. 
God mat og gullrekka på skjermen slår ikkje feil. 


I går eksperimenterte vi litt igjen og laga moussaka etter denne oppskrifta. Digg digg digg. :)

lørdag 16. november 2013

Snickerskladdkaka

Her på vestlandet ular stormen rundt hushjørna og det er best å holde seg inne i varmen. Litt sjokoladekake og en kaffikopp foran peisen kanskje? :)


Vi er i skrivande stund på veg til nabobygda og må køyre lang omveg pga steinras og stengte vegar. Vi skal nemlig på konsert med Kringkastingsorkesteret, Eva & The Heartmaker, Tone Damli ++ i ettermiddag. Forhåpentligvis høstens musikalske høgdepunkt. :)

Hadde det ikkje vore for konserten ville vi nok holdt oss heime i stormen vi òg. :) Josefine skal vere hos farmor - uten mamma & pappa for første gang - vi kryssar fingrane for at det går fint. Verst for mamma'n trur eg...men to timar bør gå bra. ;) God helg til deg ❤️

torsdag 14. november 2013

Middagstips: Chili con carne

I periodar synes eg det er vanskelig å finne inspirasjon til middagslaging. Eg trur det er fleire av oss der ute, så her kjem derfor torsdagens middagstips til deg. 

 
I går prøvde vi oss på ei ny oppskrift på nydelig Chili con carne. :) Den blir garantert laga igjen, nam!

onsdag 13. november 2013

Novembermorgen

I går kveld hadde vi besøk av to fine frøkener og serverte haugevis av vafler (Cecilie sine gode rømmevafler) med "ny"rørt jordbærsyltetøy, seterrømme og en varm kopp te.



Det nest beste er vaffelrestane som vart igjen. ;) Deilig med litt dessert til frokostkaffien i dag, mens lille J tar dagens første dupp. Tente lys og fyr i peisen er heilt på sin plass en våt og kald novembermorgen.  I dag er planen babykino og "Jul i Flåklypa". Kanskje julestemninga kjem snikande? :)

tirsdag 12. november 2013

Hei igjen!

Det er over et år sidan blogglysta var der sist, og sidan det har det skjedd mykje.. :)

I sommar flytta vi heim til fjord og fjell for å komme nærmare familie og venner, før lille Josefine kom til verden en varm dag i slutten av juli. Den vesle jenta vår er no snart fire månader og vi nyter kvar dag med den lille solstrålen. :)

Ute derimot - der er det ikkje mykje sol for tida. I dag ligg tåka ned i dei snødekte fjella og regnet høljar. På slike dagar passar det godt med ei varmande suppe. Vi har miksa og triksa litt med denne oppskrifta og tilpassa den til den ammande mammaen som er litt forsiktig med enkelte grønnsaker og melkeprodukt. ;) Denne gongen vart det suppe uten sukker og løk, og så bytta vi ut fløyte mot kokosfløyte (og vips vart den paleovennlig òg). Nyt!