søndag 4. september 2011

Kvifor lavkarbo?

Ho har så lenge ho kan huske hatt problem med magen, og etter mange legetimar, gastroskopi og andre undersøkelsar fekk ho beskjed om at dei ikkje kunne finne noko gale. Det var ikkje noko å gjere med mageproblema og dette var noko ho berre måtte leve med. Ho syns ikkje noko om dette livet, og bestemte seg for å ta saken i egne hender. Systematisk kutta ho ut brød, pasta og det meste som inneheldt mjøl, og magen vart betre. I jula 2010 leste ho alt ho kom over om lavkarbo, og satte i gong med dette kostholdet etter nyttår. Mageproblema er per dags dato ikkje-eksisterande. I tillegg har ho mykje meir energi enn før, den ureine huda i ansiktet er vekke, ho sovnar fortare og søv mykje betre enn tidligare, og humørsvingningane er så godt som borte. :) 
Han var veldig skeptisk til lavkarbolivsstilen når ho først begynte, men forsto etter kvart at det var verdt å prøve. Og han har ikkje angra. Han har òg opplevd fleire positive ting etter å ha redusert kraftig på karbohydratinntaket sitt. Den oppblåste magen kvar kveld er historie, og magen fungerar betre enn nokon gong. Når det gjeld trening har han opplevd stor framgang, takka vere meir energi og lenger utholdenhet i treningsøktene. Ein stor bonus for han er betre humør, og eit meir stabilt temperament. (Bortsett fra når favorittlaget i fotball taper.... ;)
Nå har jeg registrert meg på Bloggurat.

2 kommentarer:

  1. Høyres ut som om du hadde mykje dei samme problema som meg. Eg bytta til lavkarbokost i oktober/november i fjor og eg kjem aldri, ALDRI til å bytte tilbake. Mitt problem er ein mann som berre ikkje VIL innsjå kor bra lavkarbo faktisk er. Eg får lyst til å riste han kraftig av og til!!

    SvarSlett
  2. Høres ut som Jan før han innsåg kor bra det faktisk fungerer! :) Vi kjem heller aldri til å ete like mykje karbo som vi har gjort før, kvifor ødelegge kroppen når en kan holde den frisk? :)

    SvarSlett