mandag 5. september 2011

Fløyelsgraut

God morgen! Sjølv om eg begynner seint på jobb i dag, synst eg det er deilig å stå opp tidlig (når eg endelig fikk dratt meg sjølv ut av den varme senga...) og ha god tid til frokosten. Ingenting er som en lang og god frokost med tente lys, frokost-tv og ein stoooor kopp kaffi, samtidig som eg oppdaterer meg på fine bloggar og dagens nyheter. Fin start på veka! :)

Min nye frokostfavoritt er fløyelsgraut, så enkelt og så godt! 
Her kjem oppskrifta som eg har fått frå min snille lillebror; 

Fløyelsgraut

1 ss Meierismør
1,5 dl Kremfløte
1/2 ts Johannesbrødkjernemel


Smelt smør i ei lita panne, hell over fløyte, 
og strø over ei halv teskei JBKM mens du rører godt med visp.
 La det koke til det blir tjukt. Nytast med Sukrin, Kanel og Smørauge. ;)
No ventar kaffikoppen på meg, ha en fin mandag 

2 kommentarer:

  1. SV: Takktakk:) Skal følge med deg også. Kjekt med temablogg:) Har du smakt oopsies btw? Prøvde det for første gong igår. "Brød"-alternativ for lavkarbere.

    SvarSlett
  2. Har smakt oopsie ja :) Dei er gode dei :) Kjem mange oppskrifter (både favorittar og nye) etterkvart som vi får laga og tatt bilder ;)

    SvarSlett