søndag 2. oktober 2011

Heimelaga tacokrydder

For å gjere fredagstacoen enda bedre og sunnare har vi begynt å lage vårt eige tacokrydder, då dei ferdige krydderblandingane i butikken innehelde glukosesirup og sukker. Vi har latt oss inspirere av denne oppskrifta, men tilpassa den til våre smaksløkar :)


Til 400 g kjøttdeig treng du;

2 ts spisskummen
1 ts salt
1 ts chilipulver
1 ts kvitløkspulver
1 ts paprikapulver
1/2 ts koriander
1 dl vatn

1. Bland saman alle ingrediensane.
2. Hell kryddermiksen over kjøttdeigen.
3. Hell over ein desiliter vatn og la det koke inn.

2 kommentarer:

  1. Gjenkjenneleg;) Har heilt kutta ut halvfabrikatposa, e så masse lugubre ingrediensa i det. Bruka sjølv spiskummen, koriander, paprika, kvitløk, pepper og litt basilikum i vår tacokrydderblanding, men vi kuttar saltet sidan kjøttdeiga gjer det salt nok (spesielt mtp Noah). Blir faktisk litt bedre enn dissa ferdigmixane syns eg:) Ære vere heimelaga!

    SvarSlett
  2. Vi (rettare sagt Henriette) lika maten salt, så da har det blitt til at vi må ha i litt ekstra. Bruka Seltin, så mulig det er litt bedre enn vanlig salt, sjølv om vi ikkje har noko salt-angst :)

    Men skal prøve med basilikum neste gang, det hørtes godt ut :)

    SvarSlett