onsdag 4. desember 2013

Lavkarbobrød

Dette brødet blir forskjellig kvar gong eg lagar det.
Tar det eg har i skapet av "mjøl" 
og varierer blandingsforholdet. 
I dag blanda eg mandelmjøl og sesammjøl, 
og det vart veldig godt!
Grunnoppskrifta er slik;

12 egg
2,5 dl "mjøl" (mandelmjøl/kokosmjøl/sesammjøl)
50 gram smelta kokosolje (meierismør kan brukast òg)
En halv boks (1 dl) kokosfløyte (Go Tan eller Santa Maria)
3 ss fiberhusk 
1 ss bakepulver
litt salt 

Visp egga godt.
Smelt kokosoljen, kjøl den ned litt, og ha den i egga.
Ha i en boks med kokosfløyte og pisk vidare. 
Bland det tørre og ha det i eggeblandinga. Rør godt. 

Ha røra i ei lita brødform (eg brukar ei som er 25 cm/1,3 liter).
Sett ovnen på 175 grader. 
La brødet stå 15 minutt og svelle. 
Steik brødet i 45-50 minutt til det er gyllent. 

Enjoy 

1 kommentar:

  1. Denne oppskriften skal uten tvil prøves i neste uke! Takk for oppskrift :)

    Johanne :)

    SvarSlett